Share

Eikefjord.net vil få ønske alle sine lesarar

ei riktig fredfull julehelg.

Som ein liten julehelsing til alle opnar idag ei ny side på Eikefjord.net. Som du ser oppe under bildet er det komme ei ny fane - "Historia". I dag er det berre samla ein liten bit av historia, men målet er å samle ei fullgod historisk oversikt over det som er verdt å vite om Eikefjord. Skal denne delen av Eikefjord.net bli noko for ettertida treng vi mykje hjelp. Ta kontakt om du har gode historier og fakta som bør vere med på Historia om Eikefjord.

FJELLET

20060219-400-efj_st.jpg

Eikefjord

20131012-knapstadst.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170517-400-toget.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com