
Ein sjåfør var uheldig i krysset på Grov og havna i grøfta. Etter spora å dømme har bilen komme frå Eikefjord, kjørt over midtrabatten og vidare over vegen og havna i grøfta.
Det såg ikkje ut som bilen hadde fått serlege skader, men den har stått i grøfta ganske lenge når Eikefjord.net var på plass og tok bilder.