Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

2010-250_Romjulsleiva_gymsal_2Endeleg er Romjulsleiva 2011 her. I dag onsdag brakar det laust med ball-og ribbeveggstunt ein aldri får sjå i noko fjernsynsapparat.

Pulje 1 startar kl 16.00, medan pulje 2 startar kl 17.00. Ein vil ynskje tilskodarar og spelarar hjarteleg velkomen, og minnar om at ein tek på seg nissedrakta, tek med gløgg og godt humør. Premiering til beste nisse.

På rollelista vil ein mellom anna finne ei dørvakt, ein advokat, Messias, ein møbelseljar, ein FIFA Official og ei geit.

Puljene og alt om Romjulsleiva finn ein her på www.eikefjord-fotball.no

PS. Klokka 20.15 er det bankett på Allhuset og kl 21 startar Quizen.

FJELLET

endestadnipa-utsikta.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com