Bystyret i norskeflagggår gav Eikefjord fleire julegaver enn man kunne håpe på.

Det vart sett av midler til skuleutbygginga - første millionane neste år, midler til ny barnehageavdeling, drenering av overflatevatn bak kirka og fortsatt drift av bygdekinoen på dagens nivå.

Med budsjettet som er vedtatt har Høgre helde lovnaden sin om utbedring av skulen i denne perioden. Eikefjordingane kan gratulere seg sjølve som har stemt inn så mange i Høgre-gruppa og som er med å påvirke politikken.

Skuleutviding kjem på nesten 100 mill og vil ta ein stor del av investeringane i Flora dei neste åra.
Ny avdeling i barnehagen kjem på 6 mill og er med på budsjettet i 2013. På grunn av denne utviding er uteområdet sett på vent inntil vidare.
Kirka bad om omtrent 500 tusen for å få skikk på overflatevatnet som er eit problem bak kirka. Dette blei avslått av formannskapet, men bystyret bevilga 150 tusen for å få arbeidet gjordt no når det likevel skal gravast ved inngangen.
Det var også foreslått å skjære ned på bevilninga til kinoen på Allhuset, men også her fekk eikefjordingane på plass penger så kinoen kan fortsette på dagens nivå.

Ein stor dag for Eikefjord som det er verdt å flagge for.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2