Hovlandstølen Opp - Eikefjord sundag 2. juni. Løypa går frå garasje v / Fylkesvegen i Kvalvika og til Hovlandstøylen som ligg på 475 meter over havet.
Startnr hentast v/klubbhus Eikefjord Idrettspark.
Det er lagt opp til konkurranseklasser med start kl 13.00 og trimklasse med start kl 11.00. Oppe i Hovlandslia vil det være drikkestasjon og i målomradet kan ein få meir drikke og kjøpe brus og pølser. Hovedpremiering vil være gåvepremier uttrekt på startnummer. I tillegg vil beste dame- og herre-løper få premie.
Løypetraseen til garasja ved Hovlandselva. Her svingar ein opp og fortset innover mot Bakkjen og over tunellen. Turen går vidare inn mot skogsvegen som kjem opp innanfor tunellen og følger så vegen opp til Hovlandstøylen.
Heile traseen går på grus med unntak av vegen frå idrettsparken og inn til Hovlandelva. Oppover lia er det godt og fast grusdekke med unntak av nokre av dei hardaste motaene. Her er det lagt oljegrus, men det er litt laus grus som ligg og rullar oppå oljegrusen. Løypa har nok den finaste traseen som kan visast fram på eit så tøft motbakkeløp.
Påmelding til Andre Høyset (SMS: 915 20 807 ) innan fredag den 31/5, e-post: [email protected]
Startavgift: Vaksen kr 200, Barn kr 20, Trim kr 50.
Kontonummer: 3775 13 04197
Etterpåmelding løpsdagen seinast kl 13 (Kr 50 i tilleggsavgift)