Hovlandstølen Opp - Eikefjord sundag 2.juni. Løypa går frå garasje v / Fylkesvegen i Kvalvika og til Hovlandstøylen som ligg på 475 meter over havet. Startnr hentast v/klubbhus Eikefjord Idrettspark. Det er lagt opp til konkurranseklasser med start kl 13.00 og trimklasse med start kl 10.30. Oppe i Hovlandslia vil det være drikkestasjon og i målomradet kan ein få meir drikke og kjøpe brus og pølser. Hovedpremiering vil være gåvepremier uttrekt på startnummer. I tillegg vil beste jente/dame- og gut/herre-løper få premie.
Eigne konkurranseklassar for gutar 12 -16 år og jenter 12 -16 år.
Løypetraseen startar v/ garasja ved Hovlandselva. Her svingar ein opp og held fram innover mot Bakkjen og over tunnelen. Turen går vidare inn mot skogsvegen som kjem opp innanfor tunnelen og følger så vegen opp til Hovlandstøylen. Heile traseen går på grus . Oppover lia er det godt og fast grusdekke med unntak av nokre av dei hardaste motaene. Her er det lagt oljegrus, men det er litt laus grus som ligg og rullar oppå oljegrusen. Løypa har nok den finaste traseen som kan visast fram på eit så tøft motbakkeløp.
Eige barnemotbakkeløp ( 100 meter) v/Hovlandstølen for barn inntil 12 år kl 12.30 - For barn som er registrert i trimklasse er det ingen deltakaravgift. Premie til alle deltakarar.
Påmelding til Andre Høyset (SMS: 915 20 807 ) innan fredag den 31/5, e-post:
[email protected]
Startavgift: Vaksen konkurranseklasse kr 200, Barn kr 20, trim kr 50. Kontonummer: 3775 13 04197 Etterpåmelding konkurranseklassen løpsdagen seinast kl 12.00 (Kr 50 i tilleggsavgift)