Norges Jeger og Fiske Forbund Sogn og Fjordane tilbyr gratis kveldsseminar for storviltjegerar på Allhuset 31. januar.
«Betre Jakt» har som mål å få kvar enkelt jeger og jaktlag til å få ei endå betre jakt ved å betre sikkerheita og auka kunnskap om ettersøk og kva skotsituasjonar ein meistrar og kva situasjonar som aukar sjansane for bom- og skadeskyting.
Det vert også eit innlegg om ettersøk og korleis ein jeger bør opptre dersom uhellet er ute og kva ettersøksleiaren forventer av jaktlaget.
Sjølv om kurset er gratis må ein melde seg på innan 20. januar til: [email protected], 970 76 702 eller på internett: www.njff.no/kurs - søk etter miniseminar og finn rett stad og tidspunkt for seminaret du vil vere med på.
Les meir hos NJFF S&Fj

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2