Denne helga har fylkesmeisterskapen blitt arrangert i Kråkenesmarka i Førde, og om lag 250 skyttarar har delteke. Det dei beste viste i baneskytinga i dag er heilt i landstoppen. Skyt du 247 poeng i den innleiande runden so kjempar du om medalje i kva stemne som helst, seier Christian Rekkedal, leiar i Sunnfjord Skyttarsamlag, til NRK.
Det vart veldig jamt då det skulle konkurrerast om tittelen fylkesmeister i baneskyting. Både Vegard Solhaug frå Aurland, Reidun Kristin Knapstad frå Florø og Ole Arild Aa frå Hyen skaut 247 poeng i dei innleiande rundane. Til slutt var det Vegard Solhaug som stakk av med sigeren. Både han og Knapstad fekk ein totalsum på 346 poeng, men Solhaug hadde ein innartiar meir (5) enn Reidun, og dermed kan aurlendingen krona seg med tittelen fylkesmeister.
Les meir hos NRK S&Fj

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2