22. september er det 22008 kyrkja 25000 år sidan vigslinga av Eikefjord kyrkje. Men kyrkjelyden nøyer seg ikkje med å feire på sjølve dagen.
- Dagen idag tirsdag 11. juni står er borna sin dag. Kl 13 kjem det elevar frå Eikefjord og Steinhovden skule på besøk til kyrkja. Det blir song og musikk, bursdagssong og utstilling av bilete frå skuleprosjektet i fjor haust, seier Leirvik til .
Opplegget blir avrunda med å slå ring rundt kyrkja, før Emma Lovise Øren, som har bursdag nærast opp til sjølve jubileumsdatoen 22. september, skal plante eit eiketre ved kyrkja.

Det er ei svært oppegåande kyrkje som snart har bursdag. Her i Eikefjord står folkekyrkja solid planta i folk si bevisstheit, og det er gledeleg, seier sokneprest i Eikefjord og Nordal,Dag Leirvik.

Leirvik rosar det oppegåande soknerådet for planlegging av jubileumsåret.

- Det er ei glede å samarbeide med soknerådet i Eikefjord. I heile grenda står kyrkja sterkt, noko vi ser når det gjeld bruken av kyrkja opp mot konfirmasjon, dåp og vigsler. Folk kjenner seg knytte til kyrkja, og det er eit godt utgangspunkt, seier Leirvik.

Han rosar også kommunen som har løyvd midlar til store renoveringsprosjekt dei seinare åra.

Neste jubileumsmarkering blir under Eikefjorddagane. Då vil kyrkja si jubileumsbok som det har blitt jobba med i over eit år, bli lansert og lagt ut for sal. På sjølve jubileumsdagen 22. september kjem både biskopen i Bjørgvin og fylkesordføraren på besøk.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2