A-laget spelar toppkamp i 5.div avd 2 mot dei gulkledde Tambar frå Naustdal fyrstkomande fredag. Kampen skulle eigentleg ha gått i Naustdal, men det er arbeid gang på bana der inne denne veka. Eikefjorden ligg på toppen av tabellen, medan Tambar ligg på plassen bak.

 Kampen går altså i Eikefjorden fredag 14. juni kl 19.00.

Hugs at på kvar heimekamp i år så vert det trekt ut ein flott premie. På dei tre fyrste kampane var det henhaldsvis ein sykkel, fiskestang og bag somvar premien, så vi får sjå kva Sport 1 i Førde finn fram denne fredagen. Og som alltid er det gratis inngang, Steinvik Fiskefarm har betalt billetten din.

Vel møtt!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2