Det har vore20130612-250-helikopter hektisk aktivitet med helikopter ovanfor Eikefjord nokre dager no. Det gule helikopteret som flyg fram og tilbake oppe i lia rydder ut skog som er felt.

Det er eit arbeidslag frå Naustdal som bistår helikopterføraren på bakken. Dei hekter felte tre på kroken under helikoptere som flyg stammane til lagringsplass.

Helikopterpiloten har god oversikt og har som oftast full kontroll på dei som beveger seg i nærheten. Det viktige for dei som kjem inn i område der helikopter jobber med hengande last er å holde seg vekk under lasta. Det er også viktig å vise seg og ta kontakt med dei som jobbar på bakken, dei har radiokontakt med piloten. Det verste ein kan gjere er å prøve å holde seg skjult.

Arbeidarane frå Naustdal fester wire til trestammane og fester denne wiren i kroken som heng 30 meter under helikopteret. Dei har base i Naustdal og er med helikopteret heimanfrå og ut i terrenget der dei jobber. Ok arbeidsveg, seier dei til Eikefjord.net.
20130612-525-toemmer

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2