Eikefjord skule har starta dugnadsarbeid på turløypa til idrettslaget. Denne veka og neste veke skal klassane etter tur arbeide på turstien. Den første strekninga som blir oppgradert er frå Rasteplassen og utover stien mot Hogane.
Idrettslaget har tilrettelagt med grus som blir frakta ut og lagt på duk slik at ein skal sleppe groing gjennom dekket. Når grusen har fått sett seg blir dette eit flott dekke til turgåing og jogging.
Her er 9. klasse i full gang med dugnaden. Det første som møtte dei i dag tidleg var sauene på beite lengre ute som hadde brote seg ut og var på innspeksjonsrunde innover mot Rasteplassen.
Idrettslaget er avhengig av at "alle" tar sin del av dugnadsinnsatsen på anlegget. Ta kontakt med Lars Terje Standal eller Per Endestad, dei treng hjelp til alt frå rydding til gruslegging.