TV-aksjonen NRK 2013 går til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens. Innsamlinga skal føregå komande søndag, 20. oktober.

Vi treng framleis fleire bøssebærarar i Eikefjord, for å få dekka heile området. Om du har høve til å bidra denne dagen, ta kontakt med Trine Hovland tlf: 95053098 eller e-post: .

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

Eikefjord

20131012-knapstadst.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com