No er det 4 månader sidan vi tok i bruk våre nye lokaler, og vi har funne oss vel tilrette. Vi er veldig glad for at vi med denne utviklinga kan tilby ein kafè til bygda, ein plass for unge og gamle, til kos, kaffiprat, eller varmestove. Mange ting skal gå seg til, og vi er i ferd med å finne ei form vi kan drive på. Alle veit at det er utfordrande å ha noko å tilby, til eit svingande marked, men den utfordringa tar vi, og gjer så godt vi kan. Kvar dag lagar vi varme, ferske supper, fra gode råvarer, og masse grønnsaker. Vi baker ferske ostehorn med skinke, desse er klar fra klokka 11 ca :-) I tillegg har vi påsmurt og eit utvalg i heimelaga kaker. I helgene utvidar vi med fleire rettar. Du får alltid ein kopp nykverna kaffi, espresso, latte eller varm sjokolade med krem.
 
Kvar første torsdag i måneden, serverer vi raspeballmiddag på In-spire. Bordbestilling eller drop inn fra klokka 14.00 og utover. Åpent som vanlig til 19.00. Send oss antall og klokkeslett på tlf 95152023 eller facebook, visst du vil vi skal holde av til deg :-) Velkommen og vel bekomme :-)

FJELLET

nipevatnet2.jpg

Eikefjord

20131229-nipevatn.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com