Foreldre til barn på Eikefjord20131111-250-Guri Langaas skule var invitert til orientering om kva som skal skje når skulen skal byggast ut og rehabiliterast. I ein periode på to år må ungane flytte ut av skulen og her har administrasjonen på skulen vurdert mange alternativ.
Ytterkantane i alternativa er å busse elevane rundt til andre skular i distriktet og i andre enden å bygge ein midlertidig brakkeleir på idrettsbana til heile skulen.
Frå kommunen møtte kommunalsjef Guri Langås og ho gav leiinga på skulen honnør for god og grundig utgreiing der økonomiske, sosiale og pedagogiske omsyn var tatt med. Forholda for elevane, foreldra, lærarar og administrasjon tatt omsyn til i rapporten.


ALTERNATIVE LØYSINGAR
Alternativ som tidlegare har vore framme er bruk av lokala til Norwegian Marine på Nesjane og brakkeriggen på Grovastøylen. På Nesjane er det eit lukt- og støy-problem på grunn av produksjonen. Grovastøylen er i for dårleg forfatning til å kunne brukast. Begge desse alternativa er lagt bort.
Løysinga som er best for elevar, foreldre og lærarar er brakkerigg på stadion. Dette vil gi minst muleg forandring i kvardagen for alle og SFO kan nytte bygningane både før og etter skuletid. Bakdelen med alternativet er at det er eit av dei dyraste med 7,2 mill.
Ei anna løysing som er aktuell er å sende ungdomstrinnet til Florø og resten i brakkerigg på stadion. Dette alternativet er ca 0.5 mill billigare. Administrasjon, lærarar og FAU ved Flora Ungdomsskule har gått mot dette alternativet på grunn av at det blir veldig trongt på Flora Ungdomsskule med elevane frå Eikefjord der ute.
Alternativ med å frakte elevar både til Solheim i Norddalsfjord, Steinhovden og Standal er også vurderte. Eit slikt alternativ kjem best ut økonomisk, men også dårlegast ut sosialt og pedagogisk. Det er også hefta med usikkerhet kring busstransport. Det er rekna inn bussbillett som kostnad for Flora Kommune, men det er ikkje avklara med Fylket om dei vil sette opp ruter til dei tider som det er behov og så ofte som det er ønskeleg.
For SFO er dette alternativet vanskeleg. I Eikefjord er det berre Allhuset som er brukande til dette formålet. Allhuset er leigt ut til andre aktivitetar store deler av veka og det vil dermed bli konfliktar. Området må også sikrast. SFO utanfor sentrum vil gjere kvardagen for foreldre helt håplaus.


BUDSJETTSPREKK
I budsjettet til Eikefjord skule ligg det inne 2,4 mill for foreløpige undervisningslokal. I dette budsjettet låg det inne at småskulen skulle bruke paviljongen. På grunn av skjerpa krav til støy og sikkerheit må desse elevane også ut frå skuleområdet. Dette medfører at ein må ha foreløpig løysing for mest dobbelt så mange elevar som berekna desse to åra bygginga skal vare og dermed sprekk budsjettet.


FRAMDRIFT
Rådmannen skal no gå gjennom rapporten frå administrasjonen på skulen og komme med si innstilling. Han har lovd å ta hensyn til det som har komme fram under møte om saka og det er berre å håpe at han gjer det som er best for Eikefjord.
Saka skal opp i kultur og oppvekst den 25. november, i formannskapet den 26. november og endeleg behandling i bystyret den 3. desember.

SAGT PÅ MØTET
Vi må holde elevane i Eikefjord, sa Randi Solheim og hausta applaus.
Applaus fekk også Andre Høyseth når han sa «Få brakkeriggen på plass»
Om Brandsøy skule skulle ombyggjast, hadde det vore eit alternativ å køyre elevane helt inn til Solheim skule, det er jo same avstand som frå Eikefjord, spurde Øystein Myrvollen og fekk ei lett hovudristing av kommunalsjefen.

I hovudprosjektet Eikefjord skule går alt etter planen og oppstart ventast hausten 2014.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu