Bystyret vedok etter ein tre timars debatt tysdag kveld å etablere ein mellombels brakkeskule på Eikefjord stadion. Debatten avslørte relativt fort at å la vere å bygge ny skule i Eikefjord ikkje var noko aktuelt tema. Forslaget til Jacob Nødseth om å ta tre månaders tenkepause for å kartlegge andre alternativ fekk dermed ikkje fleirtal. 

Bystyret samla seg til slutt om Høgre sitt framlegg om å halde oppe framdrifta i bygginga av Eikefjord skule og at prosjektet skal fullførast innan råma på 115 millionar kroner.

No har politikarane valt ei mellombels løysing som betyr at elevane i Eikefjord får gå samla på skule i byggeperioden på to år. No skal anbodspapira på nye Eikefjord skule sendast ut. Først når anboda kjem inn på vårparten, vil ein få ein sikker indikasjon på om råma på 115 millionar er innan rekkevidde.

Eit hundretals bygdefolk i alle aldrar, som kom for å følgje bystyret ringside, og FAU-leiar Julie Titlestad var glad og letta etter vedtaket:

- Vi er godt nøgde. Brakkeløysing er den beste løysinga for elevane og foreldre, slik at vi får ein heilskapleg skule å halde oss til i byggeperioden, sa ho til Firdaposten.

Les Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2