Det største skrog som nokon gong20141113-250-injisering er støpt i Carbon/Sandwich blei støpt på Norwegian Marine i dag. På grunn av plassmangel i Hyen har Brødrene Aa leigt deler av hallen i Eikefjord der dei har bygt opp ei form på 50 meter. Deretter har dei lagt inn Carbon armering og kjernemateriale. På tre timar idag blei skroget støpt med Vinylester.

Heile prosessen gjekk som planlagt uten eit einaste feilsteg undervegs.

Prosessen er like enkel som den er genial. Over armering og kjerne blir det lagt ein duk som er helt tett mot forma. Så set ein vakuum på og begynner å fylle med Vinylester i bunn. Ein kontrollerer så prosessen slik at skroget fyllast opp med Vinylester og til slutt er ein kommen heilt opp til toppen av forma. Ganske nøyaktig tre timar tok det og over 4000 liter Vinylester var på plass.

Etter ei matpause var arbeidarane på plass igjen og begynte å rive ut alt hjelpemateriale og snart stod skroget klar for neste arbeidsoppgaver. Ein god del av stivarar og skott skal monterast før båten går vidare for ferdiggjering i den nye hallen i Hyen.

20141113-600-injisering

Eit to meter kortare skrog blei levert frå Brødrene Aa tidlegare. Den er no ferdig utrusta av Palmer Johnson i USA. Ein liten video er laga frå då båten blei slept til utrustningskai. Videoen finn du her.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2