Laurdag 6.juni vert finalei Champions League vist  In-spire. Sjølve finalen byrjar kl. 20:45, men forspelet startar allereie kl. 18:30I tida før finalen vil det vertefotball-quiz. Ein kan vere alt frå to til fire personer per lag.

 

Quiz’en vert køyrt gjennom programmet Kahoot, og derfor må alle lag ha med seg ein mobil eller nettbrett med tilgong til mobilnett. Ein vil få fire ulike alternativ, og det er 15 sekunder tidsfrist til å svare. Resultatet vil verte fortlaupande oppdatert på storskjerm i lokalet. Dette vil kunne skape stor spenning og frambringe stort konkurranseinstinkt – hos enkelte. Dei tre beste laga får premier.

 

PS! Sjølve quiz’en startar kl. 19, då vi av erfaring veit at det tar litt tid å få logga alle deltakarane inn på programmet som brukast. Ken Halstensen står for regien, og arrangementet er eit samarbeid av fleire aktørar.

 

Etter kampen vert det vanleg pubkveld med 18 års aldersgrense.

 

Det vert servering av mat og drikke heile kvelden. 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2