Ein mann er arrestert for vald mot to personar i Eikefjord natt til søndag. Den mistenkte valdsutøvaren, ein mann i 40-åra, er arrestert etter hendinga. Offera er ei kvinne i 40-åra og ein mann i 60-åra.

Mannen i 60-åra måtte til legevakt og få behandling for skadane han vart påført.

– Ein må karakterisere det som alvorleg når ein påfører ein person skader som gjer at han må få legehjelp, seier operasjonsleiar hjå politiet, Trond Hatlenes, til NRK.

Hatlenes opplyser at det er eit slektskapsforhold mellom dei involverte. Det var rus involvert i hendinga, og valdsutøvaren er ein kjenning av politiet.

Les meir hos NRK

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2