Gytevandringa blei ikkje heilt som20150607 250 osen den store holaksen hadde venta seg. Stein Ove Svardal gjer laksen klar for biltransport til Svardalsvatnet og oppsamlingsmerda for stamfisk.

For få timar sidan svømte ho inn Høydalsfjorden og sette kursen mot fødestaden, der alt starta. Eit instinkt-styrt hogg i irritasjon mot ei fargerik laksefluge i nedre Bruhølen endrar alt for den snart gyteklare holaksen.

No blir ho varsamt handtert av Stein Ove Svardal
frå elveeigarlaget og fiskeguide Mark Taylor. I staden for å symje oppover vassdraget skal sommaren tilbringast i ein lukka fiskedam i Svardalsvatnet. Når kalendaren viser november blir rogna hennar blanda med laksemjølke, og tusenvis av rognkorn startar syklusen på nytt.

I fem år har ein drive såkalla rognplanting i laksevassdraget som strekkjer seg frå Osen-eigedomen ved sjøen og til Sagefossen i Vestre Hyen. Grunneigarsamarbeidet er godt, dugnadsånda sterk, og med litt offentlege tilskot i form av fiskefondsmidlar, har pila peika rette vegen for den flotte laksestamma som lever litt i skuggen av meir kjende elvar som Nausta og Jølstra.

– Vi er ekstra spente i år. I år får vi det første svaret på om rognutsetjinga aukar og styrkjer laksestamma vår, seier ein optimistisk leiar av elveeigarlaget Osen-Vestre Hyen, Helge Anonsen.

Kultiveringsarbeidet dei held på med, er ultralokalt arbeid gode grannar i mellom. Men det inngår i noko langt større og viktigare.

– På mange måtar er atlanterhavslaksen Norges nasehorn. FN har gjeve Norge eit særskilt ansvar for å ta vare på villaksen, som har mange truslar mot seg. Eg trur vi er på god veg. Det første døgnet i år var i rekordsjiktet med godt over 20 laks på land,
seier Anonsen.

Han har gode hjelparar meg seg – ikkje berre motiverte grunneigarar, men ogsdedikerte laksefiskarar. Ei handfull av dei er fast inventar den første juniveka i vassdraget. Dei bidreg også økonomisk til prosjektet, gjennom å betale for fiskerettar, men også i form av å sponse det viktige kultiveringsarbeidet.

Og kva med laksane som bit på kroken og hamnar på land?

– Dei blir i all hovudsak sett forsiktig utatt i elva. Dei flottaste laksane, som den du nettopp såg, tek vi vare på gjennom sommaren som stamfisk. Slik prøver vi å hjelpe laksen, forklarar Helge.

Og hjelp trengst. Mange norske laksestammar har hatt ei trist utvikling dei siste 30 åra. Fiskesjukdomar, kraftutbyggingar, generell ureining, negativ påverknad frå oppdrett, matmangel i havet. Lista over laksens problem er lang og urovekkande. Men eit av
problema vil elveeigarane adressere på ein ny måte i år:

– Laksevassdraget vårt har dessverre tidvis vore plaga med at ein del ikkje følgjer reglane for fiske. Det handlar om mogleg sabotasje av laksetrapper, brot på kvotebestemmelsar og regelrett tjuvfiske utanfor lovleg sesong. Difor har elveeigarlaget no gått inn og kjøpt fiskeoppsynsteneste frå politiet. Med det ønskjer vi å sende eit signal om at alle må bidra om vi skal berge laksen, seier Anonsen.

Likevel er det eit anna tjuvfiskeproblem som uroar han meir enn det som skjer i elva.

– Ulovleg garnfiske i fjord og sjø er eit klart større problem, seier Anonsen.

Men også dette vil ein no kjempe meir aktivt imot. I sommar blir det ikkje berre Statens Naturoppsyn og Kystverket som skal jakte ulovleg fiskereiskap i saltvatn.

– Elveeigarlaget vårt har inngått samarbeid med laga i Naustdal og Jølstra, og vi har hyra inn Sogn og Fjordane Skogeigarlag som skal drive oppsynsteneste på sjøen, med avgrensa politimynde. Alt dette gjer vi for å styrke laksen – ikkje for å slå ned på folk. Det beste var jo om dei få som juksar endra haldningar, konstaterer Helge Anonsen.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu