Eikefjord Fotball inviterar til folkefest med landskamp mellom Norge og Kroatia søndag 6. september på Langedalsbua. Norges Fotballforbund sponsar fotballen i Eikefjord med 100 kroner per person som er med oss for å sjå EM-kvalik-kampen mellom Norge og Kroatia. Ja, du leste rett! 100 kroner for kvar einskild som møter opp og heiar fram Noreg til det som forhåpentlegvis blir siger.

Dette er ein kjemeflott muligheit å støtte opp om fotballen i bygda – og alt ein treng å gjere er å ta turen til Langedalsbua på søndag i staden for å sjå kampen heime i sofaen. Det kostar ingenting å komme inn og vi lagar til ein liten kiosk for dei som ynskjer enkel servering med mat, drikke og snacks.

Vi riggar til storskjerm, kiosk og premiar – og dørerne opnar kl. 17:00. Kampstart er kl. 18:00.

Heile familien og vennegjengen er velkomen! Gå inn på facebook og meld deg på arrangementet slik at vi veit at du kjem – jo fleire jo betre.

EIKEFJORD HEIAR PÅ NORGE!

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu