Elevar og lærarar er i gang med å lageskulen 250 til ein skikkeleg avskjed for gamleskulen. Dei samle inn minner frå den gamle skulen i form av lydopptak, og dei går litt berserk og målar fargerike motiv på alle veggane.

– Det har komme forslag om at vi skal hakke ut bitar av murveggane vi har målt på, for så å sette på magnet, fortel inspektør Mona Ødegård Standal til Firdaposten. – Då kan ein ha ein bit av Eikefjord skule side om side med Berlinmuren på kjøleskåpet, føresler ho med glimt i auget.

Flyttelasset mellom dei to bygga vert overkommeleg. Anbodsutlysinga gjaldt ein ferdig møblert skule, og det er lite av det som fyller gamleskulen i dag som er verdt å ta med seg. – Det kjem for det meste til å handle om bøker, papir og kunst.

Men dei kjem til å halde ein auksjon for å tømme skulen mest mogleg, slik dei gjorde når paviljongen vart riven. Sjølv om det er mykje gammalt som ikkje kan brukast i skulesamanheng, kan det likevel vere mange ting folk ser seg nytte i, meiner inspektøren. – Sist kjøpte folk alt frå takplater til koppar og kar, så det kjem vi til å gjere denne gongen òg, ja.

Og pengane som kjem inn, skal brukast på det nye uteområdet.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2