Fotballgruppa inviterer til fotballfest og stormande jubel for dei aldersfastlagde laga på Allhuset sundag 15.11 kl. 16.00-18.30.

.

Festen er open for alle, så spelarane må ta med seg familie, slekt, vener, naboen, bestemor og bestefar!

Laga ein skal feire denne kvelden er alle laga i frå dei minste miniputtane til dei eldste laga våre i aldersfastlagd. Alle dommarane, trenarar, dame- og herrespelane i klubben er sjølvsagd og velkomne til denne festen.

Det vert servering av mat, pølser, kaffi og kaker, samt underhaldning. Ein vil og dele ut diplom og diverse prisar til spelarane. Mellom anna vert det delt ut tre Fair Play-prisar til ein spelar på jentelaget, smågutelaget og småjentelaget. Prisen går ein spelar som har synt god Fair haldning gjennom sesongen.

Ein soleis vil ynskje spelarar, foresette, trenarar, leiarar, dommarar og alle andre hjarteleg velkomen til fotballfest fyrstkomande sundag kl 16.00.

Les meir her.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2