Share

Upp gledjest alle!

Mørketida må vi leve med. Det blir liksom aldri heilt lyst her vi hutrar oss igjennom dagen medan nordvesten og lavtrykka står i kø i Nordsjøen. Men vi står han av, som dei seier nordpå. For no er adventstida her. Tida då vi alle blir litt barn igjen, med forventning og håp om at lyset snart vil vende attende. Forventningar om stjerna, stallen, og det vesle barnet. Nedarva tradisjonar og rituale får nye impulsar frå nye generasjonar og smeltar saman til den store høgtida vi alle gler oss til. Det høyrer med å kave litt, blir ikkje retteleg jul utan. Men så er det då umåteleg godt å kunne dra krakken bortåt glaset, sånn heilt på tampen. Finne stjerna og leia på himmelkvelven blå, og la minna og julefreden sige inn.

 

Det er nett ei slik oppleving vi ønskjer å dele med deg siste søndagskvelden før jul. Tradisjonen tru, inviterer Koriander, skulemusikken og andre lokale krefter til julekonsert, i samspel med Anastasia, organisten vår. Vi ønskjer at du denne kvelden skal kunne senke skuldrane og til tonane av gamle og nye julesongar sleppe kvardagsmaset og la tankar og sinn flyge fritt. Kanskje varmar du ei lita mjuk hand der du sit i kyrkjebenken, og høyrer ei lita røyst som syng med på «Det lyser i stille grender»? Slike stunder er lys i mørketida. Vi treng kvarandre, vi treng julesongen og julemusikken og vi treng å dele alt dette fine vi har så nært og kjært.

Sjåast i kyrkjaJ

Velkommen skal du vere!

FJELLET

nipevatnet2.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com