Eikefjord skyttarlag har søkt kommunen om eit ekstra tilskot på 400.000 kroner og ei forskottering av spelepengar på 700.000 kroner til ei miniatyrbane som er kostnadsrekna til 2,2 millionar kroner. Resten 1,1 millionar, vil skyttarlaget og bygda sjølve skaffe gjennom sponsorar, gåver og dugnader.


Skyttarlaget har fått Skanska til å rekne ut kva det vil koste å grave ut eit ekstra rom i kjellaren med plass til ei miniatyrbane på femten meter og med åtte standplassar.
– Det er no eller aldri vi har sjansen til å få til dette for ein rimeleg pris, seier Oddvar Endestad leiar i Eikefjord skyttarlag til Firdaposten.


Byggestart for fleirbrukshallen vert truleg til sommaren og saka om miniatyrbana kjem truleg snart opp i bystyret.

Les meir i Firdaposten torsdag

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu