Grendalaget hadde årsmøte torsdag 7/2 i Allhuset. Årsmeldinga viser at Grendalget er aktiv på fleire område med Eikefjorddagane som eit høgdepunkt.

Sjølv om hallen vart opna i 2017 har denne også prega arbeidet. Med ei økonomisk forplikting på 7 millionar i hallen og ytterlegare 1 million i kulturdelen av hallen har dette give mykje arbeid for Grendalaget. Med den gode hjelpa av privatpersonar og bedrifter har Grendalaget betalt siste avdraget til Flora kommune. Alle forpliktelser er betalte og ein sit igjen med eit lite beløp til utstyr til hallen.

Grendalaget har fått mykje skryt frå samarbeidspartane i kommunen. Dette er eit lag som gjer opp for seg.

Grendalaget har mange viktige oppgåver framover. På årsmøte var det stor fokus på gang- sykkelsti frå sentrum til Kvalvik og tomtemangelen i Eikefjord. Her vil vi nok få ein del fokus i tillegg til Eikefjorddagane som skal arrangeast 16 - 18 august.

Mona Ødegård Standal takka av som leiar. Ny leiar er Silje Fraas Øren.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2