20190214 300 bruaDet tre bruene mellom Eikefjord sentrum og Kvalvik er for svake for den trafikken dei er utsett for. I dag var folk på staden og  gjorde oppmerking for å snevre inn til ei køyrebane over bruene.

– Vi har visst om at desse bruene treng utbedring ei tid, men har ikkje hatt midlar til arbeidet. Ein ny kontroll viser at bereevna er dårlegare enn vi trudde, og difor set me inn tiltak og vil forsterke bruene så fort som mogleg. Det er nyleg etablert ei tømmerkai i Eikefjord, og vi er spesielt redde for at tømmertransporten kan bli ei påkjenning for bruene dersom vi ikkje gjer noko, seier bruforvaltar Jorunn Hillestad Sekse i Statens vegvesen til Firdaposten.

Første tiltak blir som sagt innsnevring til eitt køyrefelt, for å redusere belastninga på bruene ved at berre eitt køyretøy kan passere om gangen. Så skal det setjast inn ekstra bjelkar under midten som ei midlertidig forsterkning, fram til finansiering er på plass til nye bruer.

– Prosjektet ligg øvst på vår prioritering til fylkeskommunen, så vi håpar at nye bruer kan byggjast om ikkje så altfor lenge, seier Sekse.20190214 600 brua

Les Firdaposten

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2