20190614 300 Myrvollen01FAU ved Eikefjord skule håpar no bystyret vil gjere eit vedtak slik at ein slepp direkte innsyn til garderobane i hallen. Ingvar Torsvik Myrvollen/leiar og Janne Steinhovden/skrivar står her i døra og viser kor åpe det er. Janne er elles leiar i Skulemiljøutvalet (SMU) og Ingvar er dessutan leiar i Samarbeidsutvalet (SU) for skulen

FAU VED EIKEFJORD BARNE- OG UNGDOMSSKULE BER BYSTYRET ORDNE MED SKJERMING AV INNSYN TIL GYM-GARDEROBAR

Slik det er no kan kven som helst som oppheld seg i fleirbrukshallen i Eikefjord kikke rett inn i garderoben, når barn/unge skiftar m.m. Dette er ikkje haldbart – vi har alle vore barn og veit at det ikkje er greitt.
Bystyret har vedtaksmøte før sommaren på tysdag, og frå politisk hald har vi oppfatta at ein ser at dette må bli gjort noko med. FAU skal ikkje leggje seg opp i konkret løysing, men viser til at ein form for skillevegg kan vere ei varig løysing, og at ein ved Havhesten har ordna med anna form for skjerming.

20190614 Myrvollen04

Fritt innsyn frå hallen til garderobane.

20190614 Myrvollen03

20190614 Myrvollen02

Også innsyn frå garderobe til dusj er ikkje skjerma.

 

MØTANDE I FAU
Tina Karin Agledal Solvang, 2. klasse
Camilla Herland Svardal, 3. klasse
Janne Steinhovden, skrivar, 4. klasse
Trine Solheim, 4. klasse/vara
Iselin Løkkebø, 5. klasse
Hilde Stegane, 6. klasse
Tanja Mari Løvseth, 8. klasse
Anita Sommerstad Eikevik, 9. klasse
Ingvar Torsvik Myrvollen, leiar, 10. klasse

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2