Flora kommune har oppdaga setningsskadar på Steindalsvegen i området ved Skolten, og innfører vektbegrensing på køyretøy. Det er no innført ei grense på totalvekt på 3,5 tonn for dei køyretøya som skal ferdast på vegen. Det er ingen omkøyringsmoglegheiter.

Geolog har vore på staden og vurdert skaden.  Vegen har fått setningsskadar, det har rasa ut masse, etter at det har vore ein del anleggsarbeid med tyngre køyretøy i området.

Mandag blir det montert måleutstyr. Vegen kan bli heilt stengt på kort varsel om det vert oppdaga ytterlegare setningsskadar.

Les også Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu