Eikefjord har alltid tent godt på å tilhøyre Flora kommune, meiner Ap-veteran Anders Ole Sunnarvik. Men no murrar det blant delar av bygdefolket, og frykta for å bli ein utkant i nye Kinn kommune blir ope diskutert. Skepsisen til Kinn kommune i Eikefjord er høgst reell. Folk kjem til meg og spør om ikkje bygda vår burde gjere det same som Bryggja har gjort andsynes Vågsøy: Bryte ut gjennom ei grensejustering og slutte seg til ein annan kommune. Og det er på sett og vis forståeleg.

Jan Arve Midtbø (Sp) ser det som Sunnarvik fryktar, at Eikefjord vil bli ein utkant i Kinn. Dei har fått alt dei har peika på i Flora kommune. Dei har nettopp fått ny skule, dei har fått ny fleirbrukshall, og no nettopp har vi bestemt at dei skal få skifta kunstgraset sitt i idrettsparken, slår Midtbø fast.

Les meir i Firdaposten – Fleire har kome til meg og meint at Eikefjord bør «ta ein Bryggja»

– Eikefjordingane har ingenting å klage over, dei har fått alt dei har peika på

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2