Fylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar.

Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med både lensmann og sauedrift, postkasse og eiga TV-antenne for Riks TV. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renn opp over Storfjorden, lever dei 70 salige fastbuande som på laurdag arrangerer Solheimsløpet 2019.

 

Det korte motbakkeløpet Solheimsløpet går frå vegen ved Solheim skule til Solheimstøylen med start kl 19.00.

Alle kan vere med, uansett tempo og alder. Dei aller fleste tek dette som ein familietur opp i dette flotte terrenget.

Konkurranseklassane startar kl. 19 og det er 4 klassar: jente og gut tom 15 år, dame og herre.
Trimklassa går opp når ein sjølv vil og registrerar seg ved ankomst oppe på støylen frå kl. 17.30. Det er til stor inspirasjon for deltakarane som skal springje å ha folk som heier. Det tek omtrent 45 minutt å gå opp. Det 1 km med skogsbilveg og 1,5 km med skogstraktorveg frå Solheim og opp til støylen, ca 350 høgdemeter. Startpengar alle klassar: kr. 50. Det blir trekt fine premiar på startnr etter løpet. Ved spørsmål, ta kontakt på 99165317.

På støylen det skjer
På støylen vil det kl. 18 vil det vere råd å gå natursti på det flotte støylsområdet. Her blir det premie til beste lag. Kl. 20 blir det løp for dei minste 0-12 år og her får alle premie. Startpengar kr. 20.
Etter løpet vert det råd å få kjøpe seg pølse, kake, kaffi og saft så sprett madrassa og ta med litt kontantar. Det vert bål og kos utover kvelden, så dette blir triveleg for gamal og ung.

Vel møtt

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2