Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

                                       

VELKOMEN TIL SPRELL LEVANDE

I EIKEFJORD KYRKJE

I haust inviterer vi 4, 5 og 6 åringane i Eikefjord til 5 Sprell Levande samlingar i kyrkja. Sprell Levande er det som tidligare var søndagsskule. Det er Hanne Bildøy, frå Førde og mangeårig søndagsskuleleiar som har samlingane, i lag med andre vaksne.

Torsdager kl.1730-1830 i Eikefjord kyrkje.

12 og 26 September - 3, 17 og 31 Oktober

Velkomen til kyrkja – til Sprell Levande – til kyrkja som også er barnas hus! Til sang og bibelfortellingar.

Florø, 28.august 2019 Helsing

Hanne Bildøy                    Dag Leirvik                                                            
søndagsskuleleiar                sokneprest    

tlf 99610528                           tlf 91732150

FJELLET

nipevatnet2.jpg

Eikefjord

Sentrum-fugler.jpg

HALLEN

20170517-400-toget.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com