NCC Industri AS planlegg å setje opp eit mobilt asfaltverk på Nesjane. Ein vil forsyne marknaden i Flora og nabokommunane med asfalt, skriv NCC i brev til Flora kommune.

I tilknytning til asfaltverket vil dei setje opp ei brakkerigg og eit lagertelt på 15x20 meter for lagring av asfaltgranulat. Asfaltgranulat er gammal asfalt som er knust og som blir nytta igjen i ny asfalt.

– Støy frå den planlagde fabrikken er regulert av forureiningsforskrifta §24.3. Den planlagde fabrikken tilfredsstiller krava her med god margin, skriv NCC Industri i brevet.

Forureiningsforskrifta tillater produksjon alle dagar inklusiv lørdag og søndager. Den tillater også produksjon nattestid, men då med redusert støynivå.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2