20200104 300 BoganeFylkesmann i Vestland sende i november ut eit framlegg om oppretting av Bogane naturreservat i Flora kommune, om vern etter naturmangfaldlova og etter prosedyren for frivillig vern.

Frist for å kome med fråsegn til høyringsframlegget er 5. februar 2020.

Bogane naturreservat vil bli oppretta i medhald av naturmangfaldlova etter prosedyren for frivillig skogvern.

Bogane er i inste del av Løkkebøvatnet og verneområdet er på gard 58/1

 Frivillig vern inneber at det er grunneigarane, i samarbeid med skogeigarlaget, som tilbyr staten areal for mogleg vern. Dersom verneverdiane er så store at miljøvernstyresmaktene finn det interessant, vert det så starta forhandlingar mellom staten og grunneigarane. Det vert då forhandla både om avgrensing, verneforskrift og pris, og det vert ikkje inngått avtale om vern med mindre partane vert samde.

Verneverdiar i området
Tilbodsområdet eit skogområde langt vest i Noreg. Området vart kartlagt i 2007, og kjerneområdet har fått verdien A Svært viktig. Her er gamal fattig edellauvskog med gamal eikeskog.

Konsekvensar av vernet
For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det naudsynt med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like.

Alle som ønskjer det er velkomne til å kome med fråsegn til framlegget om frivillig skogvern for Bogane naturreservat.

Les utsendingsbrevet frå FylkesmannenLes utsendingsbrevet frå Fylkesmannen

20200104 600 Bogane

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2