20200917 300 nesjaneRamsdal Maskin AS og konsulent iVest Consult hadde i vår eit oppstartsmøte med kommunen for å regulere meir areal til industri innanfor areal avsett til industri i kommunedelplan Eikefjord.
Kommunen gav då melding om at tilrettelegging for meir industri og meir trafikk på Nesjane krever at det blir gjort noko med tilkomsten til området. Tilkomstvegen er bygd for mange år sidan, det manglar gangfelt og der er bustader langs denne vegen.
Kommunen vurderer difor at ein vil legge rekkefølgekrav om tilfredstillande løysingar for mjuke trafikanter før ein kan gje løyve til meir industri.

Kommunen ser at det er urimeleg å pålegge ein aktør aleine ein slik relativt stor kostnad. Slik kostnad bør fordelast på fleire. Kommunen ser fordelen av å sjå heile industriområdet på Nesjane under eitt ved ei regulering. Og til slutt; kommunen er sjølv ein stor grunneigar i området og har dermed stor eigeninteresse i å få til ei utvikling her.

Reguleringsplan og finansiering

På møtet orienterte kommunalsjef Rolf Bjarne Sund om at kommunen vil ta på seg både gjennomføring og kostnad ved ein ny reguleringsplan på Nesjane. Kommunen har ikkje per i i dag kapasitet, så arbeidet må kjøpast. Kommunalsjefen og ordførar tok forbehold om at dette blir tatt høgde for i budsjettet, og endeleg svar vil ikkje foreligge før budsjettet er handsama i kommunestyret 13. oktober.

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:
Kinn kommune
Postboks 294
6701 Måløy

Frist for å sende inn merknader er sett til 14. oktober 2020.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu