Søndag 29.11 er det første søndag i advent, og i tradisjonens tru så blir det tenning av julegran i Eikefjord sentrum. Vi startar kl 16.00 der vi stiller med bålpanne og serverer gratis gløgg og pepperkake.

Kl 17.00 spelar Eikefjord Skulemusikk nokre juletonar for oss, og julegrana vert tent. I år vert det ikkje gange rundt julegrana, vi må stå på avstand og sjå grana bli tent og synge med på julenotane. Oppfordrer at ein held seg til sine vanlege kohortar.

MINIMARKED 

Under julegrantenning i år vil vi få deg i ekstra julestemning ved å tilby skikkelig god gammeldags julemarked med sal av julenek, pølser, lefser og egg.

Sollaug Sæterlid stiller med heimebaka lefser med fyll av smør, kanel og sukker. Ein herlig godbit du berre må sikre deg.

Brito Spekemat kjem med sine rikholdige pølser og spekeprodukt.

I tillegg kjem Støylen egg som tilbyr økologiske egg frå Hyen.

Og vil du lage skikkelig julestemning for både deg og fuglene, kan du kjøpe julenek av god kvalitet.

Det kan vere godt å komme seg ut og treffe sambygdingar på ein slik dag, trass ein må halde seg litt på avstand.

Vi må minne alle om å ta hensyn, er du sjuk eller har symptomar på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime. I år må vi stå i ro å beundre treet, ikkje gå rundt det. Det blir satt opp diverse sperringar og vi ber alle om å respektere det, det gjeld også parkering.

Vi gledar oss og håpar vi sjåast!!!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2