Knut Havn tok for ei tid sidan over som dagleg ledar på Spar butikken. Etter ei totalrenovering i 2019 omsette butikken for over 31 millioner og sat igjen med overskot på 1,7 mill.

Knut måtte også sjå på bemanninga. Dei har no sju fast tilsette og fem vikarer som hjelper til i feriar og etter skuletid.

Knut gjekk rett frå ungdomsskulen og inn i bilverkstaden til faren, Arve Havn. Med avbrekk i skulegang og militærtjeneste har han vore bilmekanikar fram til han i 2019 tok over som dagleg ledar på Sparbutikken.

– Overgangen var i grunnen ikkje så stor. Eg har alltid likt å preike med kundane og har vore oppteken av å gje god service. Det har i grunnen gått greitt, seier han til Firdaposten.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu