Vi fekk ein fin 17. mai20130517-250-10-05 med mykje feststemte og glade barn, ungdommar og voksne i tog, i leik og andre gjeremål i Eikefjord.

Som vanleg vart vi helsa velkommen av ein fin gjeng frå 5. klasse som delte ut program for dagen.

Leni var leder i 17. mai komiteen og leda oss gjennom dagen med stødig hand.
20130517-525-10 10

Audun Ramsdal har vekt eikefjordingane kl 7 i 15 år. Ein takk for hjelpa gjennom alle år.
20130517-525-10 12

Elevane i 8. klasse held tala for barna før barnetoget.
20130517-525-10 14

Og like sikkert syng 5. klassingane.
20130517-525-10 20

Så er det oppstilling på skuleplassen og toget kan gå mot sentrum til toner av skulemusikken.
20130517-525-10 30

Med passeleg vind i flagga går toget gjennom sentrum mot Eldreboligane.
20130517-525-10 35

Her venter den eldre generasjonen på hyllesten frå barnetoget og får sett dei mange festkledde på veg til kyrkje.
20130517-525-10 46

Toget på veg ned frå Eldreboligane. Mange venter for å henge seg på halen av toget igjen.
20130517-525-10-46

Så er toget framme ved kyrkja
20130517-525-10 50

Skulemusikken er med heile dagen og set ekstra god stemning med musikken sin.
20130517-525-10 56

Olav Aalen heldt tala ved minnestøtta. Her fekk vi eit godt innblikk i soldaten Andreas Hesjedal sitt militære liv.20130517-525-11 01

Tala blir avslutta med kransenedlegging.
20130517-525-11 04

Vel inne i kyrkja var det Daag Leirvik som leia oss gjennom gudstjenesta
20130517-525-11 19

Etter gudstjenesta er det full aktivitet på skuleplassen og sekkeløp er alltid morsomt.
20130517-525-13 28

Det er aktiviteter for liten og stor på heile skuleplassen
20130517-525-13 29

Tipping av vekt på skinka. Catrine Holsen bomma med 4 gram og vant dermed konkurransen.
20130517-525-13 32

Ordfører Bengt Solheim-Olsen heldt tala for dagen.20130517-525-14 53

Catrine Holsen og Kolbjørn Taklo med flott sang og felespel etter tala.
20130517-525-15 03

Veteraner frå Tysklandbrigaden stilte med eigen fane i borgertoget.
20130517-525-16 06

Borgartoget forlet skuleplassen. Ein skikkeleg honør til Skulemusikken, Veteraner Tysklandsbrigaden, Idrettslaget og Brannmennene som stilte.
20130517-525-16 09
Kor er alle andre organisasjoner i bygda?

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2