20230503 dagBasketball gruppa i idrettslaget hedra i kveld Dag Nybø for den jobben han har gjort for basketball i lokalmiljøet. Ut frå hans utrettelege arbeid har miljøet avgitt fire herrer og ei dame til Baket Liga Norge (BLNO). 

Som ein oppmerksomhet for arbeidet Dag har nedlagt vart han overrekt ein sjekk på 10.000 kroner så han kan reise til USA og besøke dattera og sjå ho spele kamp der. Hanne har idrettsstipend med topp treningsfasiiteter og oppfølging av trenere og støtteapparat. Studiane går også heilt topp.

Lea Eikefjord, som er den nye leiaren i basketballgruppa, hadde dekka opp flott festbord og innvitert alle som var på trening til Allhuset. Her venta pizza og sushi og ein god prat med kollegaer som har vore med å bygge opp basketballen i Sogn og Fjordane.

20230503 samling

Basketballgruppa vil ikkje stille lag i nokon liga denne sesongen, men to av gutane skal spele på lag i Bergen.  

20230503 talent

Trygve Torkildsen Nybø (til venstre) er frå Florø.  Han vil trene i Eikefjord og spele for Frøya U17 denne sesongen. 

Daniel Frislid Solheim (til høgre) skal til Bergen for å spele basket og gå på skule. Han skal spele på Gimle U17 og gå på Norges Toppidrettsgymnas. Sjølvsagt på basketball-linja.

Begge to syns det ikkje er noko problem å trene i Eikefjord. Denne dagen tar dei buss, men til vanleg er det foreldra som køyrer til trening. Berre kjekt å slappe litt av både før og etter trening.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2