17. mai blei arrangert i Eikefjord på tradisjonell vis.Salutt kl 7, og oppmøte i Hallen kl 10 med velkomsthilsen, underholdning av 5. klasse og tale av 8, klasse. Sjølvsagt var også Skulemusikken på plass og skapte den gode 17. mai stemninga.

Deretter var det barnetog til Omsorgsboligane der det var stopp så skulemusikken kunne spele for dei eldre.
20230517 01

Vidare gjekk turen til kyrkja der det var kransenedlegging på støtta til Andreas Hesjedal. Reidar Høyseth heldt tala og sjølvsagt om ulykka der Andreas Hesjedal omkom. For første gang vart det også nemnt at utkommanderte nazi-sympatisører frå området også omkom i ulykka.
20230517 02

Resten av 17.mai foregjekk rundt hallen. Det er godt å ha ei storstue når det er så kaldt i veiret. Inne vart det servert kjempegod rømmegraut, kaker og kaffi. Ute var det leikar og konkurranser for både liten og stor. 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2