20230621 hytta utsiktEtter lang tids arbeid er endeleg Idrettslaget i mål med hytta på fjellet. Hytta som skulle erstatte eit falleferdig sæl på Eikefjordstøylen er no plassert mellom Eikefjord- og Hovland-støylen. Inskipt i eine bjelken i hytta seier "Verda er vakker ho, berre du ser ho frå rette kanten", av Olav Duun. Utsikta frå hytta er fantastisk og det er ingen problem å seie at verda er vakker.

Hytta er eit godt samarbeidsprosjekt med eit stort skjær på vegen. Hytta skulle etter planen erstatte eit falleferdig sæl på Eikefjordstøylen.  Dette skar seg og sælet på støylen står der meir falleferdig enn nokon gang. Så måtte Idrettslaget finne ny plass og valget fall på plassen like ved stien mellom støylane. Grunneigar, Hans Endestad var positiv og kunne til slutt skrive kontrakt med kommunen. Kommunen har også tatt seg av alt det formelle med plasseringa av hytta.

Det er også ein stor opptur i hytteprosjektet og det er Gjensidigestiftinga. Sparebanken har hjelpt idrettslaget med finansieringa av hytteprosjektet.

Hytta som er bygd av Flora vidaregåande Skule blei løfta på plass av helikopter og finish arbeid kunne gjerast før dagens opning.

20230621 hytta per

Per-Øyvind Sørbø, motoren i prosjektet, kunne ønske velkommen til opning av hytta.

20230621 hytta snor

Så kunne snora klippast og hytta erklærast for opna.

Hytta skal være open for fjellvandrande sommar og vinter, så her er det berre å ta seg ein tur innom og nyte niste og utsikt.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2