Fredag 1. september
Fredagen blir det ein tredelt konkurranse innan funksjonell trening/crossfit. Då skal fem kvinnelege og fem mannlege konkurranseutøvarar tevle. Du kan forvente deg utøvarar i norgestoppen.
I pausene vil vi arrangere ein lokal handbak-konkurranse med nokon av dei beste handbak-utøverane i både Florø, Førde og Eikefjord. 
 
Laurdag 2. september
Kristin Holte, som er kåra til verdas nest best trente kvinne og som kom på andre plass i Mesterens Mester held foredrag om trening. På slutten av denne spanande seminardagen vil Kristin Holte vere instrukør for ei god og tøff felles treningsøkt.
 
Professor Anette Harris, som er leier for søvnavdelinga på Haukeland Sykehus, kjem for å snakke om søvnens store betydning for best mogelege treningsresultater.
 
Elisabeth Solheim, som er leiar for Folkehelsetenesta i Kinn Kommune, vil snakke om trening i eit folkehelseperspektiv.
 
I tillegg vil Kenn Hallstensen ta for seg kostholdets betydning for maksimal prestasjon. Han bruker gjerne uttrykket; «Trening er gram, og kosthald er kilo» for å understreke betydninga maten har for kroppssammensetninga og prestasjon.
 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2