20230818 MyrvollenEikefjordprisen 2023 går til Ingvar Torsvik Myrvollen og Simon Johansen for deira innsats for dei krigsramma i Ukraina.
Ingvar var tilstade på Eikefjorddagane og kunne ta imot prisen.

Utdelinga er ikkje av den tradisjonelle sorten, men treff like fult kriteria for utdelinga då innsatsen deira verkleg syner framifrå eksempel på korleis ein kan være med på å skape eit betre samfunn rundt seg.

Ingvar Torsvik Myrvollen har i fleire periodar reist til Ukraina for å gi si hjelp til krigsramma menneske. Frå 12. mars til 19. oktober 2022 var han mesteparten av tida ved den polske grensa for å hjelpe ukrainske flyktningar ved flyktningsenteret "Tesco", som er Europa sitt største transitt flyktningsenter. Først som ansvarleg koordinator for alle dei frivillige - og dernest som Felt Koordinator for over 100 japanske studentfrivillige.

I 2023 har han arranget og gjennomført heile fire målretta hjelpeturar til Ukraina for å frakte med seg nødvendige og andre varer, damt at han har samle inn pengar frå Norge og brukt desse til å hjelpe mennesker der dei bur i Ukraina.

 

Simon Johnsen (29) kjem frå Litle Høydalen. Han har fleire gongar reist til Ukraina - og tett på fronten i krigen. Med stor fare for eige liv har han som helsearbeidar knytt til Frontline Medics gjeve førstehjelp, bistått med ambulanse og delt ut helseutstyr.

I slutten av januar skaut dei russiske invasjonsstyrkane mot m.a. hjelpearbeidarar - og ein døydde, fleire vart skada. Simon fekk hjernerystelse, har mista delvis hørsel på eit øyre, har brannskader på begge armane og ytre skader på hovudet.

 

Simon og Ingvar har lag med ein innsats som vi både blir imponerte og inspirerte av. Dei brukar fritida si, og set eiga sikkerheit i fare, når ein reiser frå trygge Norge for å hjelpe menneske i krig og nød. Innsatsen dei har lagt ned er beundringsverdig, og vi er stolte av at desse menneska er våre sambygdingar.

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2