Image
Alle bilder: SHolsen

I veke 47 har vi på Eikefjord skule hatt Internasjonal veke med særleg fokus på Malawi.
Veka starta offisielt med at Kari Witzøe besøkte skulen på måndag for å fortelje om Malawi.  Ho samla samtlege elevar og lærarar i gymsalen og fortalde enkelt og greitt om land og folk, og om Nkotakota, som er Flora sin venskapskommune i Malawi.

Afrikanske songar, klappeleikar, tromming og rytmer.
ImageElevane i 1.- 4.klasse tjuvstarta litt på veka, ved at dei alt på fredag hadde besøk av Percy Chikwela og Gro Rukan som hjelpte til ved innøvinga av afrikanske song, tromme og danserytmar. Øving gjer meister heiter det.
Tromme og dansegruppa fann ut at det skal meir til enn nokre få treningsøkter gjennom ei lita veke, for å lære å stokke bein og armar i nye rytmar til nylært song på eit framandt språk. Men kjekt var det lell, og kanskje greier vi å utvikle oss vidare på det grunnlaget som vart lagt?
Heimearbeidet var å lage leikar av ”verdilause” materialar.

5.- 7. klasse  laga veggaviser med stoff frå  Afrika. 
 ImageVidare baka denne gruppa søtpotetkjeks og krydderkaker. Dei produserte fotballar av gamle plastposar, julekort, og  småarbeid i  makramé. I tillegg fekk dei lære den malawiske nasjonalsongen, og hadde ei gruppe som øvde inn eit dansenummer. Også i desse siste aktivitetane var Gro Rukan til god hjelp.
For å skaffe litt inntekter til hjelp for arbeidet i Nkotakota samla dei inn lopper til å selje på avslutningsfesten.

Prosjektarbeid om Malawi i ungdomsskulen.
8. klasse arbeidde med ulike kunstneriske uttrykk, ved at dei m.a. laga banner til utsmykking av skulen. Desse var dekorerte med motiv inspirerte av fargar og mønster i afrikanske kvinner sine nydelege kjolestoff, og andre former for kunsthandtverk.
Dei to eldste klassane tok for seg samfunnsmessige tilhøve i Malawi, og samanlikna desse med vilkåra i vår del av verda. Resultata av arbeidet vart lagt fram som ein powerpoint presentasjon. Kontrastane som då kom fram må virke tankevekkjande på oss i all vår trygge velferd.

Festkveld i gymsalen.
Det heile munna på torsdagskvelden ut i ein festkveld i gymsalen for alle frå heim og skule . Som vanleg i slike høve var det fullt hus, då elevane frå yngste til eldste presenterte resultata av arbeidet sitt.
Ekteparet Gro Rukan og Brigt Samdal heldt saman  eit interessant og godt framført biletforedrag frå tida si i Nkotakota.
Midt i denne to timars samlinga vart det tid for kaffipause med nydelege smakebitar av bakverket til mellomtrinnet, saman med eksotiske frukter. Dette samstundes med loppemarknaden som dei same klassane stod for. Medrekna dei symbolske inngangspengane for kvelden, gav dette om lag 5000.- kr i inntekt.

Men høgdepunktet i festen kom til slutt, då alle reiste seg og song den Malawiske nasjonalsongen. For alle oss som har litt tanke for fred og venskap mellom folk, vart det heilt spesielt og rørande.  Eikefjord skule er takk verdt for både prosjektveka og festen, men aller mest for nett denne stunda.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2