20110712-525-solheim

To eikefjordingar, ein ung ein og ein med litt meir hår på brystet, kom på pallen i Solheimsløpet i går i Vestre Hyen. Han eine vann like godt heile løpet og sette ny løyperekord attpåtil. Han hin tok ein heiderleg 3. plass.

Trykk under her så får du sjå kven desse to sprekingane er.

Bilete og resultatlista ligg no føre.

Øyvind Sørbø (18) og Geir Tore Leversund (51) kom på pallen i Solheimsløpet i Vestre Hyen i går. Øyvind vann, medan Geir Tore tok ein svært så fin 3. plass. I tillegg tok Øyvind løyperekorden med 15.09, heile 1 minutt og 20 sekund betre enn løyperekorden frå i fjor. Dette er ikkje anna enn imponerande.

Sjå fleire bilete her.

20110714-250-diplom

Øyvind Sørbø fekk med seg to diplom.

Det var god stemning både under og etter løpet i solskinet oppe på Solheimstøylen med mellom anna pølser, utdeling av diplom, bål og ikkje minst den gode praten i sentrum. Sjølv om dette løpet ikkje kan måle seg med Hovlandstøylen Opp i antal deltakarar, så var humøret på topp i frå dei samtlege 70 salige sjelene som hadde funne vegen opp denne kvelden.

Fleire eikefjordingar vart og observert, mellom anna ein heseblesande Per Endestad som nærast spurta opp dei bratte bakkane i eit forrykande tempo. Ein halvtime etter målgang hadde han komfortabelt og vel fortent funne godstolen ved ei av hyttene der oppe.

Her er resultatlista:

Namn     Min     Sek


Herrar over 15 år:    

1.     Øyvind Sørbø                15     9
2.     Odd Arne Hamre           16     2
3.     Geir Tore Leversund     16     47
4.     Frank Holme                 17     30
5.     Geir Hjelle                     17     37
6.     Per Endestad                18     25
7.     Are Gunnar Korsvoll     18     34
8.     Frank Hatleset              18     40
9.     Jonas Holme                 19     32
10.     Magnus Liene             19     35
11.     Håkon Solheim            20     8
12.     Torbjørn Holme            20     14
13.     Anders Klungre            20     48
14.     Jan Harald Pedersen    20     57
15.     Andreas Kvalheim        20     59
16.     Geir Ove Briksdal         21     24
17.     Elias Solheim               23     28
18.     Øyvind M. Solheim       23     52
19.     Atle Hjelle                     25       6
20.     Magnus Røyrvik           29     7
21.     Magne Ommedal          34     5   



Damer over 15 år:    

1.     Katrine Elin Skamo Hope     22     25
2.     Eli Johanne Mjellem     -
-
2.     Heidi Mjellem     -



Gutar under 15 år:    

1.     Jon Rolf Skamo Hope     15     12
2.     Øyvind Pedersen     20     39
3.     Leander Nordal     21     36
4.     Håvard Helge Pedersen     25     17
5.     Odd Inge Vonen     25     20

Les og kva Hyen IL skriv, samt sjå fleire bilete her.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2