Brannmennene i Eikefjord var idag samla på brannstasjonen for å ha alt utstyr klart for julehelga. Dei har fått ny stor brannbil med ein kapasitet på godt 14 tonn vatn. I tillegg har dei også fått eigen båt for bruk i redningsoppdrag.
I tillegg til å ønske alle ei god jul, ber dei om å sleppe å komme på besøk med blålys.
Pass godt på stearinlysa er helsinga derfrå.
Brannmennene i Eikefjord har ansvar for indre deler av Flora kommune. Dei dekker område frå Sundefjellstunellen og innover. Nordalsfjorden er også med i dette området. I tillegg rykker dei ut til både Naustdalstunellen og Magnhildskartunellen for at det skal være mannskap i beredskap i begge ender av tunellane. Dei er 10 mann ansatt i Eikefjord der Ottar Akselsen og Ole Jonny Havn har ei fartstid på 28 år i tillegg til den tida dei som gutar berre var med på utrykningane.
Her er dei fleste av brannmennene i Eikefjord samla foran den nye tankbilen.
Etter den dramatiske redningsaksjonen i Blåmannsvatnet kom det også på plass ein mindre redningsbåt som brannvesenet disponerer og som dei enkelt kan ta med seg på oppdrag.
Brannmennene i Eikefjord ønsker alle ei god jul.
Vi som skriv på Eikefjord.net vil også ønske alle ei god og fredfull jul.