Brigt Olav Samdal vart søndag vald til leiar i Eikefjord Grendelag, og er tydeleg på kva som er den viktigaste oppgåva for han å ta fatt på.

– Når bystyret har vedteke å bygge ny skule med gymsal i Eikefjorden, ønskjer bygdefolket at det skal byggast ein fleirbrukshall i staden for berre ein gymsal, seier Samdal til Firda. Det som ligg inne i planane per i dag er ein gymsal på 16x24 meter. Grendelagets ønskje er å få bygd ein hall på 25x45 meter i staden for. I tillegg til å vere gymsal for skulen skal fleirbrukshallen òg innehalde mellom anna styrkerom, tribune og scene.

Samdal reknar med at mellomkostnaden med å byggje fleirbrukshall vert på om lag 20 millionar kroner pluss 10 millionar kroner i tippemidlar.

– 20 millionar kroner er eit stort økonomisk løft for eit lite samfunn som Eikefjorden. Men det er eit sterkt engasjement i grenda, så dette greier vi, avsluttar grendelagsleiaren.

Les meir i Firda

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2