Stopp på asfaltverket
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 316
Onsdag vart det ein stopp på asfaltverket. Ein fekk då sjå kor mange lastebiler som er engasjert i transport på vegen til Nesjane.
Det var parkert lastebiler "over alt" på områdene rundt asfaltverket. Opp mot 20 lastebilar var parkert eller i aktivitet på området. Dei fleste for asfaltverket, men også nokre for andre aktører i området.
Det er nok på tide at planer for vidare utvikling av området blir utført og sikring av dei mjuke trafikantane langs vegen inn i området.
Stort vedlikeholdsbehov på Eikefjord kyrkje
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 215
Eikefjord kyrkje og mange av dei andre kyrkjene i Kinn kommune har eit stort vedlikeholdsbehov. Kinn kyrkjelege fellesråd har fått utarbeidd tilstandsrapportar for 5 av dei 7 kyrkjene i kommunen. Autoriserte firma i Bergen og Måløy har kome med sine svar, og slege fast at dette blir dyrt.
I kyrkja i Eikefjord frå 1813 vart det skifta ein del rote treverk i veggane, og heile kyrkja blei måla. Mesteparten av dei nesten 14 millionane som trengst til Eikefjord kyrkje, vil gå til tak, tårn og spir.
Totalt treng kyrkjene vedlikehold for over 50 millioner kroner i følge rapporten.
Verdas beste jobb
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 190
Bodil Hovland Øren er heilt sikker på at ho har den beste jobben i verda, og seier det med såpass overtyding at det er lett å tru henne. Firdaposten møter henne i fjøsen på Hovland klokka sju om morgonen. Ho byrjar såpass seint, seier ho, fordi ho gjerne vil ha eit sosialt liv ved sidan av jobben.
Handballskule i hallen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 172
Nærare tjue ungar fylte haustferien med handballspel i idrettshallen.