Bøssebærarar til årets TV-aksjon
- Detaljer
- Skrevet av Trine Hovland
- Treff: 2323
TV-aksjonen NRK 2013 går til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens. Innsamlinga skal føregå komande søndag, 20. oktober.
Vi treng framleis fleire bøssebærarar i Eikefjord, for å få dekka heile området. Om du har høve til å bidra denne dagen, ta kontakt med Trine Hovland tlf: 95053098 eller e-post: .
Bingo på Samlingsheimen
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 2798
Snart fredag att og ny bingorunde på Samlingsheimen, Storebru kl 19.30.
2 spel og sal av enkel mat og drikke i pausen. VEL MØTT
Årsfest EIL
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 3157
Vi vil samle idretten og bygda til ein hyggeleg Årsfest for Eikefjord Idrettslag Laurdag 26.10.13 kl 20.00 på Alhuset!!!
Kva er vel bedre enn å samles over god mat, god drikke og hyggeleg selskap og gjere stas på oss sjølv og kvarandre for den aktivitet og prestasjon som ein sjølv eller andre har oppnådd i året som har gått?????
Påmelding...sjå lengre ned!!
No kjem mastene
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1472
Det har lenge vore hektisk aktivitet i lia ovanfor Eikefjord. Skog er rydda og mastefundamenta er bygde. No er også mastene begynt å ta form. I godveiret denne helga var det hektisk aktivitet med helikopteret som flaug opp delene til mastene. I akterkant kjem ein arbeidsgjeng og skrur til alle boltane som skal holde alle delane på plass.