Planprosessen av sporet
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 919
Med Fylkesmannen, Vegvesenet og bygdefolket til stades, vart det sagt at planen berre skulle ta seks månader å lage. No har det gått snart to år, og enno kan det ta litt tid før bystyret kan gje si endelege velsigning.
No krev Eikefjord at noko skjer. Dette held i det heile ikkje, kommenterer Anders Ola Sunnarvik, leiar for Eikefjord grendelag til Firdaposten.
Vi må berre erkjenne at dette har vi ikkje fått til. Eg tek det på mi kappe. Vi har mangla nok ressursar på planlegging til å halde tidsplanen. Vi innser og at dette vil vi nok aldri prøve å gjere ein gong til. Dette er plansjef Rolf Bjarne Sund i Flora kommune si enkle forklaring og enkle lærdom, når han no legg seg heilt flat for kritikken frå bygdesamfunnet.
Vil bytte sendar på Hatlesetnipa
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 2569
Direct Connect lovar å bytte sendar for breiband på Hatlesetnipa så snart som mogleg.
Dagleg leiar i Direct Connect, Jan Tore Dannemark, forsikrar om at feilen kjem til å bli retta snarast, men at det i dette tilfellet ikkje var enkelt å måle seg fram til kor feilen konkret låg.
Nyttårssalg
- Detaljer
- Skrevet av NinaL
- Treff: 1755
Vel overstått julehøgtid, og riktig godt nyttår, gode sambygding. Vi på In-spire er godt i gang med varetelling, og trapper opp nyttårssalget med ytterlegare to kategorier på damekle, 50% og 70% i tillegg til 30%. Det er framleis mykje fint til barn, og mykje fin julepynt, alt til halv pris. Dekorbelysning fra Watt&Weke til 70% rabatt. Fint om du vil hjelpe oss å rydde plass til våren :-)
Elendig internett
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1275
Problema begynte for nokon veker sidan då det var lynnedslag i sendaren på Hatleset-nipa i Eikefjord.
- Først var vi heilt utan breiband ei par veker. Så blei det gjort noko slik at vi fekk signal igjen. Sidan har det virka så vidt nokon dagar og vore ute av drift andre dagar. Uansett er kapasiteten så dårleg at det ikkje kan brukast til noko som helst. Det går til dømes ikkje an å få gjort nettbank-tenester, fortel Knut Hatleset.